Psykosomatisk medisin
Psykiatrisk divisjon

Haukeland

PSYKOLOGSPESIALIST
Seksjon for spiseforstyrrelser

Stillingstype:
100 % fast stilling


Søknadsfrist:
15.02.2006


Om avdelinga:


Seksjon for spiseforstyrrelser tek imot pasientar med alvorlege spiseforstyrrelser frå heile Helse Vest i aldersgruppa 16 år og oppover. Seksjonen har 5 døgnplassar, 12 dagplassar og spesialistpoliklinikk. Det tverrfaglege teamet består frå før av psykolog, psykiater, indremedisinar, fysioterapeut, ergoterapeut, ernæringsfysiolog, sosionom og sjukepleiar.



Seksjonen har heilt sidan oppstart i 2001 vore inne i ein spanande utviklingsfase. Vi kan tilby eit spanande og aktivt fagmiljø, der du vil få moglegheit til å delta i den vidare utviklinga. Behandlingstilbodet er primært basert på eldre og nyare former for kognitiv atferdsterapi, som internasjonalt vert rekna som førstevalg ved spiseforstyrrelser. Les meir på www.helse-bergen.no/avd/psykosomatisk_medisin/seksjoner.htm.




Om stillinga:


Vi har behov for spesialist i klinisk psykologi med kompetanse innan kognitiv atferdsterapi og erfaring frå arbeid med spiseforstyrrelser. Det er også ynskjeleg med kompetanse innan nevropsykologi, utgreiing og diagnostisering, då vi får henvisingar frå ein svært samansett populasjon. I tillegg til fagleg kvalifikasjonar vektleggjast personlege eigenskapar som samarbeidsevne, personleg egnaheit og evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid.



Arbeidsoppgåver:
• Behandlingsansvar, planlegging og gjennomføring av behandling.
• Utgreiing/diagnostisering.
• Motivasjonsarbeid.
• Deltaking i tverrfagleg team.
• Rettleiing og formidling av kunnskap internt og til samarbeidsinstansar.
• Kontakt med andre aktuelle instansar rundt pasientane, deltaking i samarbeidsmøter, utarbeiding av individuell plan, etc.
• Medverknad til fagleg vidareutvikling av tjenestetilbodet.
Sjukehuset tilbyr:
• Dekning av utgifter til vedlikehald av spesialiteten.
• Dekning av utgifter til andre aktuelle kurs og kompetanseutvikling.
• Fagleg rettleiing.
• Spanande muligheiter i forhold til forsking og metodeutvikling.
• Helse Bergen HF kan være behjelpeleg med bustad, flytteutgifter og barnehageplass etter søknad.





Vilkår/Merknad:


Søknad mrk på psykologforeninga sitt søknadssskjema, vedlagt bekreftande kopiar av autorisasjon, attestar m.v. sendast: Psykiatrisk divisjon, avd. for Psykosomatisk medisin, Seksjon for spiseforstyrrelser, Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen.




Lønn:
Lønn etter avtale


For nærare opplysningar ta kontakt med:
Du er velkommen til å ta kontakt med seksjonsleiar Bjørn Einar Rogde, tlf 55 976836 eller psykolog Stine Laberg, tlf 55 976840.

Merk søknad: 57/2006

Send søknad til:


Psykiatrisk divisjon

Avd.for Psykosomatisk medisin

Seksjon for spiseforstyrrelsar, Haukelandsbakken 15,

5021 Bergen.